- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
105

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

utan vart han daa Uvénir med Carolus. Han sat millom
Eldar tvo. Men det beste vart aa ljuge. «No?» egste
Far hans. Gunnar mulla med Munnen, men fekk kje
upp Mæle... «Kva er det du segjer ?» spurde Far hans.
«Eg veit kje — kor Pungen er.» — «Veit du kje kor
han er, segjer du?» Enok stirde so det kolna i Gunnar.

Det vart sendt Bod paa Garden etter aatte Skjeling;
so lengi den Framande var her, kunde Gunnar vera
trygg. Han sat paa Benken ved Matborde, blaanande
bleik som han venta paa Dauden. Det susa for Øyro
hans. Aa, berre han Carolus kom; berre han Carolus
kom. Aa, gjev dei maatte gaa til Storbrekke etter
Skjelingane; so kom han Carolus att... Nei; der var
ho Serina. Og Skjelingane hadde ho. Mannen fekk sine
Pengar; so gjekk han. Ingi Raad; ingi Raad...

Han Far kom. Stogo gav seg; seig i den eine Sida ...
Gunnar klara det kje lenger; Graaten tok’n.

«No fær du fortelja meg korleis det er med denne
Pungen, Gunnar.» Far hans stelte seg upp framanfor
Borde midt uppyvi han. Gunnar kava og vilde svara.
«Naah? — Naah!» — «Eg hev mist Pungen!» skreik
Gunnar yvi seg i vill Graat.

«Men Gud bevare deg, Gunnar,» jamra Mor hans.
«Hev du misst han?» ropa Far hans. «Korleis bar det
til?» Uff, no skulde han finne paa noko um det att.
«Kor var det du misste ’n?» Enok var skræmeleg
aal-vorsam. — «I—Løo.» — «Kor kunde Pungen koma aat
Løo, naar han laag i Kisteledikken ?» — Gunnar grét
og tenkte, tenkte og grét; — «eg vilde ... m-u—u,
m-u—u...» — «Naa?» Enok bøygde seg og tok han
i Aksli. «Eg vilde sjaa paa Skjelingane, m-u—u,
u—-uh...» — «Og so tok du Pungen or Kista?» — «-Mja,
u—u...» — «Og sat og dyrka dei Skjelingane som ein
Avgud, ja. Og so la du Pungen i Lümma og gjekk aat

105

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free