- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
106

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Løo med han.» — «M-ja; m-u—u, u—uh...» — «Og
der slarva du han burt. Og etterpaa alt gjeng du og
teier og løyner det burt for oss. Ja no fær eg læra deg
Aalvor daa, at det ikkje skal gaa med meg som det
gjekk med Ypperstepresten Eli...»

Og Gunnar vart so syndleg uppstrokin som han aldri
hadde vorti fyrr. Fyrst ein Bask; so ein til med det
same; han vreid seg som han vilde smjuge ut or sitt
Skinn, og skreik gjenom sin snørde Strupe so der var
kje Menneskjelaat i det lenger. Ho Anna gjorde seg
hard; han hadde fortent Stryk no; tenk kaste burt
Pengar... men det vart for fælt; han drap Ungen;
«aa nei, Enok! Herre Gud, Enok!» Men i denne
Varge-stogo kunde ho kje høyre sitt eigi Maal. Endeleg slapp
Ungen ut or Kløane paa Far sin; krabba burt yvi Golve
paa firefotom, skjelvande, hikstande, mest maallaus,
sanselaus... Anna skalv; «du skulde daa bruka Vite!»
— «Det er betre at eg tuktar han,» svara Enok, «enn
at han skal falla i Hendane paa den levande Gud!»

Gunnar drog upp Skinnbroki si og berga seg ut
Kammersvegen, gjenom kjøken og Bakdøri, yvi Tune
aat Løo, kavande heile Tidi med Graaten, som ikkje
maatte høyrast for mykje; kjende seg kje trygg her
heller; rømde aat Smalagarden; der gøymde han seg
burt i den myrkaste Kroken og lét Graaten faa sin Vilje.
Aa Gud! kor det sveid i Enden hans. Han grét og grét,
til han mest vart rædd sjølv.

Carolus kom drivande upp Storækra med Hendane i
Broki, plistra og tenkte paa inginting. Daa han kom
upp-mot Løo, høyrde han gjenom Vindsusen slik ei
underleg Uling; kva kunde det vera? Han stana og lydde;
kunde det vera Folk? — Lydde og leitte; kom tilslutt
aat Smalagarden; der fann han Gunnar. Og fekk vita alt.

Daa vart hans lette Fantehjarta so kløkt, at han med

106

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free