Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein einaste Gong flaug inn etter Pungen. Og kom og
gav Gunnar han att. «Stakkars deg, at du skulde lida
so vondt for mi Skuld! Aa nei, at eg ikkje var heime!»
Han klappa Gunnar paa Kinne og trøysta han. «So ja,
Gunnar, ikkje graat no lenger. Du skal faa den vene
Luva endaa; eg skal snakka vel med Mor mi. Og kann
kje ho skaffa deg Luva, so skal du faa ei av meg, naar
eg vert stor; det er kje so mange Aari til dess, veit du.
Aa nei at du var so trufast imot meg, at du ikkje
blanda meg inn i dette. Det var godt gjort det, Gunnar.
So; kom no, so skal me gaa inn; du tarv kje vera rædd,
naar eg er med.»
Gunnar kom seg smaatt i senn. «Og no skal du kje
segja Far din at du hev fengi att Pungen din; so kann
du sidan kjøpa deg kva du vil for dei Pengane. Er kje
det sant?»
«J—jau,» hiksta Gunnar; han smilte gjenom
Graat-krampen.
I den Stundi gløymde han, at Carolus var Fant.
Carolus var den gildaste Guten i Verdi.
XIV.
«Du snakkar so mykje um aa fornekta seg sjølv,»
sagde ho til han ein Kveld, dei hadde lagt seg; «det er
rart, at du kann halda paa med dette daa.»
Han skulde høyre det ein Gong; anten det gjekk so
eller so. Men daa ho hadde sagt det, trega ho paa det att.
Han tagde lengi. Og det vart so susande stilt. Ho
høyrde sine eigne Ord uppatt og uppatt; og dei vart so
styvne og stygge. Og der laag han og hadde høyrt deim,
og tenkte paa deim. Ho vart sveitt. At ho daa aldri
kunde lære aa tegja.
«Du veit vel,» kom det endeleg, «kva Gud sa til Adam
107
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>