Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
dest av aa tilstaa at det var Knipeskap, og so fann han
paa at det skulde vera Guds Vilje ...
Uff; no fekk ho kje tenkje for stygt. Men jamenn
kunde ho bli so forarga stundom; — og berre
Gudshug var det ikkje; det skulde ho mest vaage. Sann
Kristindom kunde daa ikkje vera s o hard.
Jau; ho skulde visst gange her og gjera seg Samvit,
av di ho narra han i sümt smaatt; naar han var so
urimeleg, so fekk han sjølv taka Skaden. Og Borni
skulde ho hjelpe so mykje ho kunde; og Maten stellte
ho so godt som ho fekk det til. Harmelegt, at ho var
so veik; at ho ikkje kunde gjera beintfram Motstand!
Det skulde vori ho Inger hans Per...
Ho laag og arga seg, til dess ho fekk ei Skjelterid.
Hjelpe henne so sant; ho som so vel kunde turve sova.
Uh; ho var so trøytt og klar; ho hekk mest ikkje ihop.
Kvar Morgo upp i Otta; træle og traave heile Dagen;
tusund Ting aa gjera og inga Hjelp; Huse og Fjose, og
Barn ved Bryste... Ho Serina var snild, men rokk kje
stort meir enn aa stelle den litle; og Jorina kunde kje
so mykje som bøte ein Sokk ... Rart Barn; kunde
inginting lære. Gjekk berre og snugga seg og klaadde seg
i Hovude; ein hadde meir Mas med aa halde henne rein
enn ein hadde Gagn av henne; Anna skulde vera so glad
ho var fri henne, at —; men det torde ho nok ikkje
nemne. Det var slik ei Høgtid med den Ungen, at det
var kje Maate paa; hans eigne Born var reint som
Stikborn mot desse Fantungane. Men so gjekk dei han
no kje mindre under Augo; det forstod dei seg paa, slikt
Fanteherk. Det verste var, at ho Jorina fyllte han
Gunnar so upp med Sogur og Fesjur at han vart reint
tussut av det, myrkrædd og stakkarsleg; ja no hadde
han fengi slik Hug paa sovori Tøv, at han brydde seg
kje um aa vera i Lag med andre enn desse Fantane, som
109
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>