- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
110

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde fortelja han Eventyr og gamalt Kjeringsnakk.
Carolus var vel den verste i dette au; men no hadde han
fengi slik Magt i Huse ... aa! um ho kunde faa noko paa
han ein Gong, so ho kunde faa han ut. Men aa faa Tak
paa ein Fant —; daa fekk ein lettare Tak paa Aalen.

Og her gjekk ho. Ikkje kunde ho hava noko Tilsyn
med Borni heller; dei kunde lære alt som stygt var for
den Skuld. Naar skulde vel ho faa ei Fristund? Ho
stræva paa Tröt fraa Morgon til Kveld; og um Natti,
naar ho skulde sova, var det den litle; eller tunge
Tankar som au kunde taka Svevnen; so um ho kunde faa
ei Fristund au, so var ho for mødd. Og han —; han,
som endaa hadde teki paa seg aa halde Skule for deim;
jau det vart Greidur! — Det gjekk som det maatte gaa,
naar ein var so strid paa sitt og ikkje vilde høyre paa
Fyriteljing. Kva det skulde bli av Borni visste kje ho.
Ikkje kunde ho hjelpe deim. Ho maatte gange som
Gjente, ho, og vera glad ho fekk fraa seg det som mest
turvtest. Og med alt det ho stræva, so vart det kje som
det skulde korso; det vaks uppum henne paa alle
Kantar med ugjort og halvgjort; Huse var i Ustell og Borni
i Ustell; her saag slik ut ofte, at ho reint laut
skjemmast. Men — «berre me kann halda Hjarta vaart reint
og heilt» — uh.

Og so kunde han kje ein Gong hava det Vite —; so
snart det eine var avvant, so var det aa gange med det
næste... Og so veik som ho vart. Sist hadde ho klara
det; men næste Gong? — Ei Braarædsle tok henne.
«Aa Gud! lat meg kje faa fleire no ... i Jesu Namn
Amen!» —

— Nei, nei; ho meinte det ikkje. Ho meinte det ikkje.
Ho visste ho maatte kje klaga, ho, som hadde so vene
og friske Born. Aa nei, ho klaga kje heller. Det var
ikkje Meiningi det. Ho maatte nok berre takke til.

110

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free