- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
111

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tenk um det hadde vanta deim noko; anten paa
Kroppen eller paa Vite; det var nok dei som fekk kjenne
kor godt det daa var. Nei; ho skulde ikkje klage. Fekk
dei berre vekse upp som det no saag ut til, so skulde
visst ho vera fornøgd. Det var berre det, at ho stundom
kunde verte so forharma–

Ho laag og høyrde paa dei jamne trygge Andedragi
fraa Vogga og dei smaa Sengine; lydde til denne søte
Firklangen av frisk, lett Svevn, til ho vart roleg. Ein
fekk lata Han styre; og lite paa at det gjekk som
fyri-sett var. Det kom vel den Dagen daa han Enok fekk
trega–

Ute hadde Vinden snutt seg paa Sør; ho kunde høyre
det paa Töte. Huse var som ei Vindorge, og kvar Vind
hadde sitt Spél; fraa dei høge Yl av Nordvesten til det
døyvde, graatande Regngnaale fraa Sør, — ho kjende
deim alle. Aa ja, ja. Verdi var stormfull og tung.
Aah ja. Gud vere med oss.

Med ein djup, trøytt Sukk seig ho i Svevn. Daa han
Litle-Paulus vakna noko etter, laut han skrike ei heil
Rid fyrr han fekk vekt henne.

XV.

Ein ven, frisk Sundag i Februar. Linn Frost, lett
Luft; døyvt Solskin fraa halvslørd Himil.

Inne paa Hove stend Enok og les Teksti. Den sæle
Smilen hans er kje so tydeleg i Dag. Der er heller noko
graatt og trøytt yvi Andlite.

Ein logn, tung Torv-Varme fyller Stogo. Golve er
straatt med frisk Sand. Anna sit i Armstolen ved Vogga
og blundar so smaatt; attum henne hev Smaagjentune
gøymt seg.

111

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free