- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
112

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ho Jorina sit i Omnskraai og dubbar. Paa kvar-si
Side av det grøne Borde, like under Augo hans Enok,
sit Gunnar og Carolus; dei ser ut som dei høyrer paa
Teksti.

Paa Veggen ved Kammersdøri heng Klokka og tikkar
i sitt høge Hus. Tikk — tikk; tikk — tikk... syvjugt

og seint; Carolus tel: ein—tvo; tri—fir’___noko fær

ein finne paa, so ein ikkje skal somne.

Gunnar drøymer inn Arabia. Der vil han byggje seg
ei Borg. Den skal vera slik og slik, og hava so og so
mange Rom; der og der skal Carolus bu; og der vil
han vera sjølv; dessutan vil han taka med seg Borni
hans Per der nord, so dei vert mange nok til aa slaa
Trebonius.

Kannhende han gifter seg med Olina ein Gong? —
Uff nei. Men dette som han Carolus fortel um... det
maa vera løje.

All Ting veit han Carolus. Kven hev sagt han dette,
tru? Kann han ha set det? — Det vil Gunnar spyr ja
etter i Kveld. Det er so gildt med det at dei ligg ihop
no; so kann dei faa røde so mykje. —

— Enok las og las, men var som so daud; hadde kje
den rette Gleda i Orde. Det var ein av dei myrke
Dagane dette; Soli gøymde seg attum Skyir, og det
var Skugge i Hjarta hans. Men Frelsarhandi heldt; so
rædd turvte han ikkje vera.

I seinare Tidir var han kje so jamt paa Tabor som
fyrr. Berre ein Gong imillomaat, naar Gud serleg vilde
vise han sin Naade. Stundom kom han heller langt
nedimot Dalen, totte han. Djevelen narra han ofte med
sine Knip; og Suti for «i Morgo» fekk Tak paa han
altfor ofte. Men han visste, at som han hadde det no,
med Fall og Uppreisning og mykje Strid, so var det
ein kristin maatte vente aa hava det i Jammerdalen.

112

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free