Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og so laut Enok vera glad likevel. Glad at han fekk
stride den gode Striden og vart agta verdig til aa bli
prøvd i mange Freistingar.
Berre Gud vilde hjelpe han med Husfolke hans, so
det og snart kunde koma til Jesus. Han totte det gjekk
smaatt med dette, og bad ofte um Tolmod. Og han
arbeidde og stridde med Lesing og Bøn, og preika Orde
baade i Tid og Utid; so lengi skulde dei høyre kor god
og ljuvleg Herren var, til dess dei ikkje kunde halde
seg burte lenger.
— Undrast paa, kva det kunde vera han Gunnar
tenkte so paa no; han sat og stirde med slike tome
Augo. Enok vilde til aa spyrja han um dette,
kann-hende skræme han litegrand, so han kunde minnast
det ei Stund; — daa høyrdest det Stig ut paa Vegen.
Alle vakna og glytte ut. Kjære Folk; var det kje
Student Olsen, som kom svingande?
Gunnar og Carolus blinka til kvarandre; han kom hit.
Gudskjelov, Gudskjelov___
— Tri sopande Stig inn Gangen; knakk-knakk paa
Døri; inn steig Olsen mager og lang. Floshatten hadde
han teki av Hovude; men endaa laut han bøygje seg.
«Goddag; signe Andagten.» — «Takk. — Du maa sjaa
du fær sitja.»
Olsen drog upp Frakkebreiddine og sette seg paa den
næmaste Stolen; «mykje til fint Vér». Han var ædrug
i Dag; tala Bygdemaale. Hatten lagde han paa Knée;
Staven sat han med i Handi; Ryggen var rak som eit
Skaft. Han var skallutt framme og langhærd bak;
Andlite var magert og skarpt med djupe Forur; i Kinni
var som ein Kul av Tåbakk-Skraae. Dei blygraae smaae
Augo blinka jamt og tidt. Frakken var blanksliten,
Halsskjorta flekkutt, Styvlane skakke og mest hælelause.
Han hadde stygge Drykkjeridir, Olsen, og de var smaatt
8 — Garborg IV.
113
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>