Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med han i det heile; men han var lærd, og so hadde
Enok som ein Vyrnad for han korso.
Dei kom i Svall. Gunnar og Carolus blinka til
kvarandre. «Eg gjeng burt og ser um Øykjine,» sagde
Carolus og rusla ut. Gunnar snart etter —
Kammers-vegen. So kunde han Far tru at han vilde ut og lesa
paa Leksa si. —
Olsen var komin «i Forretningar» i Dag. Han vilde
høyre um Enok kunde ha Bruk for ein Huslærar,
kann-hende. «Eg høyrer du hev fengi nok av det som Folk
her kallar Skule,» sa han; «og daa eg just hev fritt i
nokre Vikur no, so kunde det høva godt kanskje.»
«Ja —.» Enok drog paa det.
Han visste at Olsen var dyr. Men naar Gud sende
Mannen hit, so var det kannhende hans Vilje. Ein kunde
slaa seg ihop med han Per, so vart det kje so vondt dyrt
endaa. Hans eigi Skuling gjekk det smaatt med, det
var sant; lite Stundir vart det, og denne stakkars
Gunnar’en med sin Uhug til Boki... det var vel gali
at han gjekk soleis lenger. «Kva meiner du, Anna?»
Anna talde til av beste Magt. Baade Gunnar og Serina
stod til atters for Jamaldringane sine; og um me kunde
forsvara og lata henne Jorina gaa med so lite Skule ...
Det meinte ho skulde hjelpe; og det hjelpte. Dagen
etter sat Borni hans Enok paa Skulebenken; dei hans
Per der nord var au med.
Glad var Gunnar; no fekk han gange sundagsklædd!
Og so var det Fristundine. Daa tumla han seg reint
villt. Fangtokst og slost og ylte i høgan Sky, og fann
paa alle Slags Fantestykkje. Serleg leid var han med
henne Olina hans Per; lugga og slo henne; kneip henne
i Armane og stakk henne med Naalir; stundom kasta
han henne i Bakken og drog henne rundt etter Føtane;
Fang-takast: brjotast.
114
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>