- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
124

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Hæ? — Nei; men er det so at det er noko du vil
segja meg kanskje, so kann du koma med" det; eg er so
gu kje den som rymer for eit Bibelspraak!»

«Du skulde tenkja paa at du er gamall, Salomon.
Brudgomen kann koma fyrr du varast.»

«Kva for ein Brudgom?»

«Han, som gjerne vilde vera din Sjæls Brudgom,
Salomon.»

Salomon sputta. «Det segjer eg deg, at vil du snakka
med meg, so fær du snakka som Folk og ikkje som ein
Haugianar.»

«Eg meiner det kann kje vera so lengje fyrr du skal
døy!»

«Det meiner eg og. Ventar du Arv etter meg kanskje?»

«Du skulde sjaa aa faa Fred med Gud, fyrr du døyr!»

«Det hev eg, mykje betre enn du. Han kann koma
naar han vil; han skal kje finna meg i noko som eg
ikkje kann forsvara.»

«Du maa kje snakka slik. Alle vaare Gjerningar er
som et besmittet Klædebon ...»

«Nei gu um dei det er,» svara Salomon; «eg held
mine Gjerningar gjæve, eg; og um Vaarherre er streng,
so er han daa kje nokon Skrivar heller. Var det meir?»

«Gud er ein fortærande Eld — —!»

«Gud er som du vil ha han, Farr. Vil du plent ha
deg slik ein Skarprettar, so kann det henda han vert deg
deretter! — Men Gjerningane dine kann du gjerne
skjemmast av; her gjeng du og tek Live av Kona di og
dreg Huse fullt av Fant; det er som eg segjer: du skulde
ha vori paa Daarekista for lengi sidan; og kanskje du
kjem der au. Ja Farvel daa, og Takk for i Dag! Farvel,
Anna; du hev alltid vori ei grei Kona du; eg hev vondt
av deg.» Salomon gjekk.

— Men dei siste Ordi hans hadde biti seg fast i han
Enok.

124

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free