- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han tok til aa sjaa paa Kona si, der ho gjekk og
stræva og stelte, og det var sant: ho saag skral ut.
Skulde det vera Raad —; brydde kje Gud seg det Slag
um Bønine hans; kunde han i dette au ha misteki seg
paa Guds Vilje?

Skulde det vera Mistak og Tøv alt ihop?

Desse «Jesusborni» ... brydde kje Gud seg um deim?
Kannhende det au var sjølvbedin Dyrknad, som Herren
vilde forkaste? Han hadde komi yvi Gunnar og Jorina
naar dei var aaleine og skulde arbeide; og kva hadde
han kje høyrt? Jorina stod og fortalde Huldresegnir
for Guten! — planta inn i han gamall Ovtru og Lygn,
og lærde han upp i den argaste Heidingskap!

Og Carolus, var han betre tru? — Han var nok mjuk
og snild og lét svært vel, so lengi han var ein for Augo.
Men kva var det aa byggje paa; denne lette, falske

Fantetunga–. At Gunnar i seinare Tid gjerne heldt

Lag med han, spaadde kje godt; Enok hadde endaa
høyrt deim øve seg i Fantemaal. Um Herren ikkje
brydde seg um dette Offere hans heller, ja vilde vende
det til vondt for han? Um det hadde vori Sattans
Inn-billningar og Blendverk alt ihop, alt ihop? — Gjekk kje
denne Olsen au og drøymde um, at han hadde «kjent
Gud i seg» og høyrt Vitnemaal i sitt Hjarta?

Det kom yvi han stundom, so han vart kald og sveitt
og kjende Folningar og Visningar gjenom heile Kroppen.

Han kom inn ein Kveld i Skümingi; Vesle-Paulus
skreik, og Serina sat og vogga og sulla for han.

«Paa Daarafjedl’e,
paa Daarafjedl’e,

der dansa baade Gjeide og Saue.
Fyre gaar den, so i Pibaa blæs’e,
ittepaa kjem Küssen den raue.»

Daarafjedl’e er vel Dovrefjell. — K ü s s e: litin Kalv.

125

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free