- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Kva er dette for noko gamalt Tøv du sit og gnaalar
paa,» sa Enok; «kann du kje likso godt syngja noko
som er vent? — Kanskje tagnar han Paulus au heller
daa. — Syng den han Carolus lærde dykk her noko
sidan; det var slik ein pen litin Song.»

Serina vreid seg; det saag ut som ho skjemdest.

«Naa? Skunda deg no! Vil du eg skal verta vond
paa deg kanskje?»

Serina tvinga seg og song Salmeverse. Men berre
med halvt Mæle og halve Vokalar og svært fort; og der
var Ord ho liksom løynde:

«Alle Vegne, hvor jeg vanker,
jeg min Mmsum har i Tanker;
hvor jeg ligger, sidder, gaar,
efter hmm min Længsel staar.»

«So ja! Men tydeleg og vent; so skal du nok sjaa
han tagnar.»

Serina song andre Verse, noko meir modigt; gav seg
liksom yvi og lét det staa til.

Men Paulus ylte heller verre enn fyrr; og so sette ho
i att med «Daarafjedl’e». Og det var forunderleg so
mykje lettare som det gjekk.

Enok stod og sturde burtved Vindauga og tokst med
tunge Tankar.

Var det kje skræmelegt med denne Uhugen til Guds
Ord, og det endaa hjaa Borni?

Tilmed Paulus vart rolegare no. Ein kunde tru, at
han lika kje heller aa høyre um Jesus. Og endaa var
han døypt...

Gunnar vilde han kje tenkje paa dessmeir; det var
reine Hate der. Kunde han lure seg fraa Orde berre den
minste Stundi, sprang han som han skulde hava Eld i
Enden.

126

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free