- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og Skulen, som Enok hadde teki til att med —; dei
same Borni som hadde høyrt so vel etter, naar dei var
for Olsen, — no beit korkje Ord eller Ris paa deim;
ikkje eit skikkelegt Svar var der aa faa; minst av han
Gunnar.

Kor kunde det hava seg? «Alt hvad i bede Faderen
om i mit Navn, det skal han give eder»... og kor
lengi hadde kje han bedi? Og so hjarteleg; meir
hjarteleg enn um noko anna? Men heller verre vart det for
kvar Tid.

Og dei var daa døypte! Dei hadde i Daapen fengi
Anden; var tekne til Naade og løyste og utfridde fraa
Sattan og hans Magt; men endaa —! Endaa skulde
Gud og alt som Guds var vera deim so hjarteleg
imot.

— Tyngre og tyngre vart Tankane hans. Han stana
ein Dag paa si eigi Tropp —: skulde det kje vera sant,
dette med Daapen?

«Vik bak meg, Sattan!» han slo Tanken fraa seg i
Rædsle. Men Tanken kom att.

Baptistar og Umdøyparar sagde at Barnedaapen var
eit Mannapaafund; det var aa spotte og hæde den
heilage Ande, sagde dei, aa taka eit Reivebarn som endaa
ikkje kunde skilja Høgre og Vinstre, og spyrja det um
det trudde; — det var eit Narrespel, eit Spotteverk.
Difor hadde Djevelen slik Magt i Verdi au, for di me
ikkje var rett døypte ...

«Aa Gud hjelpe og fri meg! Lat kje Djevelen reint
faa Magti! at han skal føra meg ut i kraftige Vildringar
og riva meg ut or Kyrkja og Frelsens Ark!» — Han
bad og ropa av djupaste Naud; men Tankane tumla
ustanseleg. •

Daa tok han paa seg ein Dag og gjekk til Presten.

Presten Meier var ein snild Mann. Og han hadde

127

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free