- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
128

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lærdomen. Og Gud hadde innsett han til Sjælehyrding,
so me skulde vende oss til honom naar noko stod paa;
og Meier vilde like at Enok kom; det var ein folkeleg
Mann, Meier.

— Hjaa Presten fekk Enok Hjelp. Ein merkeleg
Mann. Var det Raad at Lærdommen aaleine kunde gjera
so mykje?

So snart han tok til aa tala, kvarv Sutir og Tvil so
burt for Enok, at han mest maatte leite etter deim
sjølv. Han skyna ikkje lenger at Djevelen kunde ha
raatt so med han i dette. Det var nok som Presten
sagde: at det var faarlegt aa skilja seg ut fra
Kyrkjelyden. «Du skulde ikke foragte Menigheden og
Menighedslivet, Enok, selv om der voxer megen Klinte blandt
Hveden...»

Men serleg formana Presten han til aa øve seg i
Tolmod. Ikkje berre beda um Tolmod og so vente at
det skulde koma av seg sjølv; nei, øve seg i det; for
Presten trudde at det just her var ein stor Faare for
Enok. «Du hev havt det for godt; no er du som eit
forkjælt Barn; so snart du ikkje fær det som du vil, so
vert du furtin og tek til aa mistru sjølve Guds
Naade-midlar.» «Og desse Ting som bér deg imot, dei skal du
taka med Takk som Guds hjelpande Tukt, den du nok
vil hava meir godt av enn av alle dei sæle Dagane
paa Forklaaringsberge.» «Du kann vera trygg for, at
Husfolke ditt gjeng kje fortapt; det er berre Tidi og
Timen det spyrst um; og der vil Gud for di eigi Skuld
at du skal vente og drygje. Som Abraham venta i mange
lange Aar paa Isak, so kann du og faa vente mang ein
Dag; ja kannhende du ikkje fær s jaa det sjølv dessmeir,
at Borni dine kjem til Frelsaren. Men du skal beda og
halde ut, vel vitande at hans Tid kjem; og at hans Tid
nettupp er den rette.»

128

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free