- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
129

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det ljosna for han Enok. Han vart vaat i Augo og
tog Presten i Handi. «Takk, Far; Takk...»

Sidan tala Presten med han um ymse Ting. «Selja alt
ditt og gjeva det til dei fatige? — Ja, dersom du ikkje
paa annan Maate kann rive deg laus ifraa Verdi. Men
kann du det; kann du briika Guds Gaavur berre som ein
Forvaltar, til hans Ære og Næstens Gagn —. Trur du
at Gud plent vil ha Verdsborn til aa stelle med hans
gode Ting her paa Jordi? — Det er kje Rikdomen som
er faarleg; Spursmaale er, um Hjarta vaart heng fast
ved Rikdomen.»

Ja; dette var sant. Gudskjelov. No kunde han slaa
seg til Ro; her sat Presten sjølv og tala paa Guds Vegne
... Rive seg laus ? jauvisst kunde han rive seg laus;
han hadde rivi seg laus... ikkje meir um det no. Desse
«indre Røystir» kunde likso godt vera av Sattan, som
Presten sagde.

Daa Enok gjekk, takka Presten han for at han hadde
hjelpt han so godt i Fatigkommissjonen sist, i denne
Saki hans Fante-Tomas. «No skal det gaa,» sa Meier;
«og det kann eg mest takka deg fyri; og ikkje berre eg
takkar deg; men eg kann helse deg Takk fraa Eilert
Sundt og fraa alle andre Vénir av dette stakkars
forkomne Fantefolke; ja Takk fraa heile Samfunde. Og
no maa eg segja deg det, at anten du likar det eller
ikkje, so vil eg no freiste aa faa deg vald inn i
Skulekom-missjonen; me hev eit stort og vandt Arbeid for oss der
no, og eg vilde gjerne hava ein so upplyst og kristeleg
Mann som deg med meg i det Arbeide.»

Enok gjekk heim letta og sterk, med Hügen full av
nye, friskare Tankar. Og han takka Gud av Hjartans
Grunn; «Takk, Takk, kjære Far, — for ditt heilage
Lære-Embætte!»

9 — Garborg IV.

129

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free