Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han kom i sine blaae Vadmaalsklæde med raudstriput
Verkensvest og Halskrage og kjende seg svært fin; i
Dag kunde ho Olina hans Per gjerne s jaa han! — «Men
du kann daa kje gaa so tunnklædd,» sagde Enok; «du
frys forderva»; han sprang inni Gangen og kom ut att
med ei av dei store gamle Trøyune sine. «Sjaa her; tak
paa deg den.» Gunnar vilde ikkje. «No? kva er det
no?» — «Uff... ho er so stygg.» — «Stygg? Høh. Hev
du høyrt slikt! Er kje Ungen alt so full av Verdens
Faafengd ... Soh! — Eller vil du plent ha Stryk idag ?»
— «Du kann daa vita du maa ha Klæde paa deg,» jamna
Mor hans. Gunnar kjende seg svikin paa alle Kantar.
Han banna for seg sjølv, men gav seg; kraup so uppi
Kjerra sur og harm. «Dægerens Far... Alltid skal e g
sjaa ut som Inkje-Folk!»
«So i Guds Namn,» sagde Enok; «gakk no Brunka!»
Han gav henne av Taumen og ho trilla i Veg som ein
Ball, med mange smaae lystige Salutar gjenom
Bagporten. —
— Etter den Tid var Enok so viss i Kyrkja som
Presten.
Han vandra paa Kyrkjevegen tagali og tankefull; me
skulde «forvara vaar Fot, naar me gjekk til Guds Hus.»
Var det einkvan som helsa og gav seg i Samtale med
han, strøymde Gudsord fraa hans Munn, so at dei som
kom berre av Forvitna, dei tagna og drog seg undan.
Stundom raaka han Nikodemus’ar, slike som heldt
seg til Herren i Stilla, men ikkje torde segja Verdi fraa
seg heilt; dei freista han aa styrkje og rettleide. Men
Gruvlarane som gjekk og vilde skyna Guds Løyndomar
og dermed ofte kom inn i baade Hugsott og range
Meiningar, dei viste han fraa seg heller stutt. «Skynar du
ikkje at Gud kann vera tri i ein?» sagde han til Tobias
Traadal; bed til Gud at han gjev deg Trui; og naar du
131
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>