Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
dette er nok Vaarherre som vil straffa meg.» Gunnar
kunde kje gjera seg sjuk. Og um han var sjuk, stod
han upp likevel; det var so ufysi naar han Far kom
og stod og saag paa han og stirde og spurde kva vondt
han no hadde gjort. «For Vaarherre straffar deg kje
for inginting, maa du tru, Gunnar!» —
— Ein annan forunderleg Ting hende: Borni skulde
faa gange i Skulen att.
Den galne Forklaaringi var kje i Bruk lenger. Og det
var kje rett aa skilja seg ut. Det kunde løyne seg
Faafengd i det au, sagde han Enok. Den nye Læraren
var ein aalvorsam og sætande Mann, og Borni hadde kje
godt av aa gange her Heimfødingar.
Anna var so glad som ho skulde ha fengi Gull.
Gunnar lika seg au. Men endaa gladare vart han,
daa han fekk høyre at Far hans var innvald i
Skulekom-missjonen. So fekk han fleire Dagar frie.
— Skulen kom. Det viste seg, at Tønes Tualand paa
sin stilslege Maate var ein glup Skulemeistar.
Han var svært ung og ikkje stor; dei lange Kniktane
fraa Storbrekke og Heialand kunde snart ha gjort uppum
han, hadde dei vilja. Men det gjekk so stilt og vent at
det var ei Syn. Og endaa bruka Tønes korkje Linjal
eller Ris; og ikkje noko vidare Munn heller. Den han
var mest etter var han Gunnar, som alltid var so reint
urimeleg vill, naar han kom saman med andre Born.
Men Tønes innførde ymse nye Skikkar i Skulen;
serleg var det ein Ting ho Anna hadde imot han fyri.
Han bytte Skulen sund «i Klassur»; kvar Klasse
skulde fylgjast aat baade i Leksur og alt, og det vart
daa mykje strengare med Skulegonga. Den som var
burte ein Dag vart kje lenger høyrd serskilt; han maatte
fylgje Klassa like godt. Dei Borni som laut vera mykje
heime fekk paa den Maaten lite Gagn av Skulen; men
133
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>