Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Vondord fekk dei, og «Anmerkningar» i Prottekolen og
i desse «Karaterbøkene» dei no skulde hava; og det
kunde koma svært ille med naar dei sidan skulde for
Presten. Anna tala med Skulemeistaren um dette; men
han sagde berre at det var «Lovi». Det var komi ei ny
Skulelov no, lét han; og den laut me til aa gjenomføre
her au; og etter den Lovi var Borni pligtige til aa gange
i Skule. Foreldri kunde endaa faa Bot, um dei heldt
Borni heime utan i Sjukdoms Tilfelle.
Dette totte Anna var urimelegt. Skulde me kje raade
for vaare eigne Born heller no?
Um ho skulde vera nøydd til aa sende deim av Garde
kvar Dag i altslags Ver og Føre, og dei daa skulde sitja
i Skulen heile Dagen vaate paa Føtane og kalde um
Knéi, so kunde ho kje vita Ord av fyrr dei var
helselause. Helst ho Serina stakkar, som slettikkje var
sterk. «Lovlegt Forfall» var det kje fyrr dei var sjuke;
men daa kunde det vera for seint daa. Ho Anna totte
Skulen vart reint som umskapt for henne etter dette.
Fyrr hadde han vori ei Hjelp; no vart han ei Tvang;
han kom med Lensmann og Lovmagt og gjorde oss
umyndige i vaare eigne Hus; um ho aldri so mykje
kunde turve henne Serina heime ein Dag, so skulde
denne Husmannssonen fraa Ramstadheii kunna koma
og segja «versogod» og taka Borni fraa henne! Ho
kjende seg avsett, ærekrenkt; og ho lika kje Skulen
lenger. Berre sjeldan sat ho inne og hørde paa no; det
kunde vera stundom naar dei hadde Song; for han
Tø-nes var so brennande god til aa syngje.
Det var rart med den som hadde lært. Han hadde
ein annan Sving i sjølve Mæle enn dei gamle hadde
havt; og so kunde han syngje piriano. Daa song han so
smaatt daa. Men naar han sette i, so var der eit Maal
i den vesle Skrotten so ein kunde høyre han lang Veg.
134
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>