Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han song med Borni mest kvar Dag, og lærde deim
mykje nytt og rart; noko heitte Skala eller Triklang og
var berre upp og ned, so ein kunde mest læ; men so
lærde han deim og noko som hadde Namn av
Nasjonalsongar, — slike som «Aftensolen smiler», «Bækken gaar
i Engen» o. s. b. Enok striddest med han um desse
Songane, som han ikkje lika. Men Tønes sagde at dei
vart songne i alle Skular no, og at upplyste Folk ikkje
saag noko vondt i deim.
— Anna skulde faa høyre verre Ting enn det um
Skuleplikti au.
Me skulde faa fast Skule! høyrdest det ut til ein
Kveld. Dei vilde tvinge oss til aa sende Borni reint ifraa
oss. Sende deim av til ein framand Mann, som skulde
hava deim for seg sjølv i eit serskilt Hus, der inkje anna
Folk skulde gange. Der kunde han prente inn i deim
kva han vilde daa.
Og Enok, som elles var so imot alt nytt, han var med
paa dette! Vart Folk forvandla, naar dei kom i
Skule-kommiss jonen ?
Tønes var so forhippa paa denne Fastskulen at det
var ulidande. Og han gjølte for han Enok so det vart
mest leidt. «Ein so upplyst Mann»; «den likaste, me
hev i Skulekommissjonen» ... Enok varde seg nok;
men det var vel kje fritt anna han lika det. Og alt det
Vase som Tønes kom med til Gunnar; det var so
uro-legt for Skulen i Stogur der Folk budde; der var ofte
ikkje god Luft heller... ho Anna hadde so nær spurt,
korleis Lufti var hjaa han Torkjell nedpaa
Ramstad-heii. Og Enok sat som ein Dott og sagde Ha og Ja–
«Men,» tok ho Anna i, «naar det no ein Gong er so
stelt at me hev Umgangsskule, — so er det vel Ein som
vil ha det so daa, veit eg?»
Den unge Skulemeistaren berre vreid paa seg.
135
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>