- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
136

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— «Etter den nye Skulelovi,» svara Enok, «skal det
helst vera fast Skule allestadir no. So han hev vel set
at det turvtest ei Forandring.»

Aa, var det denne nye Lovi her au. Kven kunde ha
Rett til aa gjeva slike Lovir?

«Men um det no var ein Skulemeistar som var so
vond i seg, at han vilde innføra galne Lærdomar eller
finna paa anna gali» ...

Skulemeistaren mylte.

«Me hev baade Presten og ein Tilsynsmann som skal
sjaa etter det. Elles kann Foreldri sjølve koma og høyra
paa Undervisningi naar dei so synest.»

«Aa, — me skal daa ha Rett til det ? Eg trudde mest
me skulde vera for simple til det au, eg.»

«Og so er der no Ein der uppe som vil sjaa etter at
Orde vert forkynt purt og reint iblant oss ... naar me
bed han um det. — No skal me venda oss til honom og
takka for alt godt i Dag»; Enok gjekk aat Hylla og tok
Salmebøkane.

«Og kanskje Læraren vaar vil vera so gild aa vera
Forsongar for oss, sidan me hev deg her?»

Tønes raudna litegrand og svara ja.

XVIII.

Det er Ettermiddag; Skulen hev slutta. Han sluttar
alltid so tidleg, han Tønes.

Læraren sit øvst ved det lange Skuleborde og røykjer;
han hev ei Bok framfyri seg. Carolus klengjer seg
upp-til han med eit Reknestykkje, han vil ha Hjelp i; skal
vel paa den Maaten gjera seg gild for Skulemeistaren.

Paa Benken framanfor Borde sit Fante-Tomas. Han
er komin i si Stilling og Betydning som Far, for aa sjaa
um Son sin, læt han um.

136

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free