Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Men i Grunnen var det den nye Læraren, han vilde
freiste seg med. Det skulde vera ein klok Kar, hadde
han høyrt: utlærd paa den nye Lærarskulen; og Tomas
hadde kje godt av seg, fyrr han fekk visentere han
litegrand. Det skulde vera Beng’en til Spikk, um denne
unge Spiren her skulde kunna klara seg mot han
Fante-Tomas!
Lengi sat Skulemeistaren og vilde kje høyre etter.
Men Tomas gav seg ikkje. Han lédka og krøkte til han
fekk Tak. Skulemeistaren lagde Boki fraa seg.
Daa tok Tomas ei av sine vandaste Aspektir. Ikkje
ein Gong Presten Meier hadde kunna klara den.
Det var sagt i det sjuande Bud: «du skal ikke stjæle.»
Og det hadde Moses skrivi med sin eigin Finger paa
Steintavla paa Sinai Bjerg, og Gud Herren hadde sjølv
sett sin Stempil og Innsigill paa, at det skulde vera so
som Moses hadde skrivi. Her hjelpte det inga
Betrakt-ningsmaatar eller Umsvævelser; det som var skrivi, det
stod.
«Men no skal du sjaa,» sagde Fante-Tomas og slo
med Hovude, «kossleissen desse Aspektir og Vitnesbyrd
tek seg ut i ein annan Ordning eller Begrep. For her
er so mange Begrep eller Betenkningar som me ikkje
hev regtige for oss, naar me tek dei i visse Maatar og
Undersøkelser; men dei vert rektige naar me granskar
etter i alle dei andre Punktar og Betraktningsmaatar
som maa vera med i denne Forstaaelsen.» Tomas sputta
brunt.
«Men,» heldt han fram, «naar me held paa med vaare
Funderingar og Ransakelsar og prøver alle Vitnesbyrd
og alle Aspektir mot kvarandre, so at det eine stend
imot og vitnar imot det andre, som Apostelen segjer, so
vert det gali paa ein annan Kant att, og du veit kje
Beng (Fantemaal): Djevelen.
137
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>