Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kossleis du skal gebærda deg, og kann ikkje utvikla den
Floken, du hev lagt deg. Thi vaar naturlege Forstand
er ved Synden forrnyrket, som me alle veit. Men no skal
du sjaa, kossleissen dette er aa upplysa.»
Han lagde Hovude paa Skakke og tok med mjuk
Handferd og ymis Vridking med Akslir og Kropp eit
Stykkje Raudkrit upp or Broklümma; det gav han seg
til aa teikne med paa eit Stolesæte.
«Dette er Verden,» sagde Fante-Tomas.
«Ho er her forestilt i Bilsete og Liknelse av noko
som skal vera ein Brunn. Men i den Brunnen er ingin
Botn; det gjeng beint til Avgrunns med ein Gong; og
daa er det ingin som veit meir.» Han glytte burtpaa
Skulemeistaren; undrast paa um denne vilde segja
noko; men han berre nikka.
«Upp or denne Brunnen sting det seg ein lang Stake.
Paa Toppen av denne Staken ligg ein Planke — Soleis;
tvers yvi Brunnen. Den Planken er heller smal, og ikkje
fullt so lang som Brunnen er breid i Tvermaal. Utanum
Planken kann ingin koma. Kjem du berre so mykje som
ein Strek eller ein Tøddel utanfor den, so ber det til
Hols med ein Gong, og so er der kje meir.
«Og no maa du fylgja godt med,» sagde Tomas.
«Her, ser du,» han gjorde ein Prikk; «her, paa den
eine Enden av Planken, er Kongen. Og her» — han
gjorde ein ny Prikk — «er Statsraaden. So kjem
Stiftamtmannen»; ny Prikk. «Og so Bispen. Og so
Amtmannen. Og so Futen. Og so Skrivaren. Og so Presten.
Og so Kaupmannen. Og so Lensmannen.» Ein Prikk
for kvar. «Alle etter sin Orden og Stand og Innstiftelse,
so som Gud hev sett dei i Verdi. Men etter Lensmannen
kjem Bonden. Og etter Bonden, der, paa den ytste
Enden av Planken, der er Arbeidsmannen. Han sit paa den
eine Enden, og Kongen paa den andre. Der hev du
Verdi.»
138
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>