Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Tomas saag paa Skulemeistaren, slo med Nakken og
sputta svart. «Ja-ja,» sagde Skulemeistaren.
«No maa du hugsa vel paa,» heldt Tomas fram, «at
ingin kann koma utanfor Planken. Uppe paa den sit
dei alle, kvar paa sin Plass og Stad, etter som
Umstæn-digheitine og Maalestokken er i denne Verdi.
«So sit dei der og balar og trabellerar, Kongen med
sitt og Statsraaden med sitt og Stiftamtmannen med
sitt og Bispen med sitt, og so nedetter alt til
Arbeidsmannen, som maa bala med sitt; for den eine vil berga
Live, og den andre vil berga Live, og det vil dei alle,
som rimelegt og rett er. No spyrst det kven som kann
klara seg; for kvar maa klara seg sjølv; og der er ingin
aa faa Hjelp av.
«No maa du passa paa.
«Der uppe sit Kongen; han hev tie Dalar um Dagen.
So kjem Statsraaden; han hev fem. Meir kann kje han
ha mot Kongen. So kjem Stiftamtmannen; han hev tri;
so Bispen; han hev tvo; og so nedetter, mindre og
mindre. Lensmannen hev fire Skjeling Dagen, Bonden berre
tvo Skjeling. Han freistar Live so vidt. Men so kjem
Arbeidaren; og han hev ein Skjeling. Han kann kje
berga Live. Han maa svelta ihel.
«Men no er det Underfundigheiti: han vil ikkje svelta
ihel. Kvi skal han det, han meir enn dei andre? Er
kje eg skapt i Guds Bilæte liksom dei, og hev kje Guds
Son utløyst og frikjøpt meg liksom dei; og gjeng kje eg
tilslutt i same Holken eller Gelænderen som Kongen og
Bispen og heile Vidtløftigheiti ? — tenkjer
Arbeidsmannen. So kjem han tilslutt til den Betenkning og
Avgjørelse, at han vil liva, han som dei andre.
«Han gjeng til Bonden og segjer: eg vil ha halvannan
Skjeling um Dagen; for eg kann kje liva med ein.
Bonden svarar som so; far til Helvite! du fær ingin
halvannan Skjeling.
139
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>