- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
140

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Arbeidsmannen gjeng til Lensmannen. Lensmannen
tek Sabelen sin og segjer umentrent som so: gakk til
ditt Arbeid, din Hund! eller kanskje du vil i Hullet for
Løsgjængeri ?

«So gjeng Arbeidsmannen til Kaupmannen. Men
Kaupmannen tek Alnemaale og viser han Døri. Vi har
nok med os sjølve, segjer Kaupmannen.

«Arbeidsmannen til Presten. Presten er baade blid og
snild, men segjer at me maa alle vera fornøgde i den
Stand og Innstiftelse Gud hev sett oss.

«So til Futen. Og so til Skrivaren. Og so til
Amtmannen. Og so til Bispen. Og so til Stiftamtmannen.
Og tilslutt til Statsraaden. Men alle segjer: vi har nok
med oss sjølve; vi kann kje hjelpe nokon.

«Daa gjeng Arbeidsmannen beint rakt ende fram for
sjølve Kongen. So bøygjer han seg for Kongen og
gebærder seg; og so segjer han som so: Stormegtigaste
Konge i eders høie Naades Majestæt og Herlighed!
segjer han; so og so er det; eg kann kje liva med ein
Skje-ling; eg maa ha halvannan, og det er endaa det minste;
Bonden hev tvo, og det er kje meir enn sovidt han
bergar seg. Hjelp meg, Konge, i din Majestæts høge Naade •
for eg vil kje svelte ihel, eg meir enn dei andre.

«Men Kongen svarar: Skulde eg hjelpe deg, maatte
eg ta fraa dei andre, og det kann eg ikkje. Du lyt berge
deg sjølv. So maa me alle.

«No er det Funderingi kva Arbeidsmannen daa skal
ta seg til. Liva kann han ikkje; svelta vil han ikkje;
utanfor Planken kann han kje koma; og inginstad fær
han Hjelp. So tenkjer han som so: skal eg berga meg
sjølv, fær eg berga meg som eg kann; Livsens
Innretning og Væsens Maate er slik her paa denne Planken.
Dermed gjeng han i si Uppriktigheit av og tek den
halve Skjelingen, som han maa ha; og daa er det so

140

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free