Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vidt at han slit Live og bergar Magen og Naturen i den
største Simpelheit.»
Fante-Tomas saag listig ut.
«So liver dei alle ihop,» heldt han fram; «kvar paa sin
Maate. Dei paa den eine Enden liver godt liksom fyrr,
og dei paa den andre Enden maa la seg det gefalla.
«Men legg no Merke til, at Planken ligg ute under
Himilens Friheit og rotnar i Sol og Regn og
Aartider-nes Umvandlingar; og so veit me, kossleissen det gjeng.
Etter Tingenes Orden og Innstiftelse vil Planken
tilslutt vera rotin. Gjenom trafsande rotin. Ikkje frisk
Flis att. So ryk Planken sund yvi Miden, og beint til
Höls bér det med heile Vidløftegheiti; til Höls med
Arbeidsmannen og Bonden og Lensmannen og
Kaupman-nen og Presten og Futen og Skrivaren og Amtmannen
og Bispen og Statsraaden og Kongen og Kruna og alt
som finst; og so er der kje meir. Hemm. Kann du klara
meg den Undersøkelsen?»
Andlite paa Tomas hadde fengi sin rette Tatersvip,
med dei lause snedige Drag og dei glyrande, glidande
Augo. Skulemeistaren svara kje større; sagde at Saki
var kje so greid. Han brydde seg ikkje um aa antrast
med han Fante-Tomas.
«Nei, ho er kje greid!» sagde Tomas og slo med
Nakken. «Ikkje ein Gong Presten Meier visste noko aa
svara paa desse Aspektine. Han berre bad meg, at eg
ikkje maatte grublisera altfor mykje paa so vanskelege
Umstendigheitir; ’det er større Folk enn du som hev
teki Skade av slikt’! — sagde Presten Meier.»
«Det er vel so,» svara Skulemeistaren. «Hæ, hæ, hæ,»
lo Carolus, «du er ein god ein, du Far!»
Fante-Tomas mylte, og det vesle Hovude svinga
stol-teleg paa sin magre Stylk; ein ny Kloking hadde han i
Dag maalbundi.
141
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>