Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XXIV.
Det vart ein god Vaar og ein fin Fyrisümar; Folk
gjekk og smilte til kvarandre og var snilde mot
kvarandre; vilde han halde seg som han no saag ut, kunde
me vente eit Krunaar.
Men ut-mot Jonsoktidir versna det. Væta minka av
og Hiten tok til; og det kom som ein Stur yvi Eng og
Aaker.
Folk gjekk og skygnde etter Teikni paa Himilen; kvar
Kveld saag dei ut-i Have etter ein Regnbakke, og kvar
Morgon mot Fjellgarden etter ei Sky. Men Skyine kvarv,
og Bakkane i Have var Skodd; og Soli steikte og brende
som ein gloande Eldomn.
Vonine seig og seig; Folk ræddast og tagna. Lufti
stod som ein Moe, ein Eim, ein tett, brennande Dis; der
var kje eit Pust og ikkje eit Drag; alt livande laag og
geispa og tyrste og maatte forkomast.
Eng og Aaker raudna og kvitna. Myri vart til Voll
og Tjønnir og Votn til Fæn. Bekkir og Æar turka burt.
Smaafisken vart liggjande etter i Sanden og kovna. Um
det daa ikkje var Myrgrunn, so han kunde faa grava
seg ned.
Enok øvde seg i Tolmod med Guds Hjelp. Han visste
det var ei Røyning, og han visste at me skulde kje
røynast yvi vaar Magt. Gud fekk syte for Morgondagen.
Det var kje so spelegt med desse jordiske Ting, naar ein
hadde sitt Liggjandefe i Himilen.
Og han fekk Naade til aa stande, endaa Djevelen ofte
var leid med han.
Mange høyrde etter, naar han paa Kyrkjevegen lagde
ut um denne Røyningi, som Gud sende oss for vaare
Syndir. Me skulde umvende oss, men ikkje fæle; han,
som mata Ravneungane og klædde Lilja paa Marki so
142
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>