Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho var gildare enn Kong Salomon, skulde kje han og
kunna syte for oss ? Dei sukka no, dei som hadde gjort
Narr av han fyrr, og ynskte dei kunde hava det likso
godt og trygt som han Enok Hove.
Ja soleis var det med Verdsborni. Naar det gjekk
godt, brauta dei og lo; men bar det imot, so sutra og
jamra dei og misste Mode. Men Gudsborni stod i Livsens
Hav som Fjell, like trygge i godt Vér som i vondt; —
berre me kunde halde fast paa Naaden. Berre ikkje
sleppe Frelsarhandi. «Ja haldt du meg fast, Herre! —
for i meg sjølv er eg kraftlaus.»
Hugen til Orde og Bøni var komin att, so han visste
at han livde. Og sjeldan var han utan Rettleiding i det
han gjorde; han kjende seg dømd i det sjølv med
Samtykke eller Tukt. Striden mot Sattan var strengare enn
fyrr; var han lat berre ein Augneblink, visste han kje
kvar han kunde finne seg att, kannhende midt inni dei
grovaste verdslege Tankane. Han maatte stundom
spyrja seg sjølv, om Guds Aand kunde bu i eit Hjarta
som var so uppfyllt av Synd og jordisk Sut. Men Aandi
trøysta han, so han endaa i sine myrke Stundir fekk
kjenne Vitnemaale i seg, at han var Guds Barn.
Til stor Hjelp og Trustyrkjing var det for han, naar
han saag at Gud kunde brüka han til Reidskap i nokon
Ting; soleis saag han med Glede paa det Huse som reiste
seg no der ned i Ramstadheii, og som han hadde fengi
hjelpt til med aa byggje: Huse hans Tomas. Kven veit
um det ikkje var som Presten sagde: at Tidi var komi
for Fantane no, og at Gud i sin Naade her vilde fullføre
eit stort Verk ? Eit Naadeteikn var det ög, at Gud hadde
sett han inn i Skulestyre; naar han det hadde gjort, laut
han hava som ei Tiltru til han, ein Vilje til aa brüka han
i Vingarden sin. «Aa Gud! gjev meg Visdoms upplatne
Augo, at eg kann forvalta so høgt eit Kall retteleg!» —
143
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>