- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
144

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So hadde og Gud hjelpt han til Rettes med noko i
Huse som stundom hadde pint han; og han tottest paa
ein sers tydeleg Maate sjaa Guds Finger her.

Det var i dette Tvilsmaale um Tenestgjente. Han
saag at ho Anna hadde det stridt og ikkje var sterk;
men so var det Spursmaale um det ikkje var Vantru aa
søkje Menneskehjelp, og um det ikkje kunde vera
Meiningi at ho Anna skulde under Tukt ei Tid, um
ho paa den Maaten kunde koma til Umvending.

Men so hende det tvo Ting.

Fyrst tok Gud Jorina ifraa deim. Mor hennar vilde
hava henne heim; eldste Dotteri hadde fengi Teneste.
Nokre Dagar seinare kom han Rasmiss Skare, Halvbror
hennar Anna, ein utarma Gardmann som hadde fengi
Hjelp av Enok stundom, og mest bad deim um aa taka
Dotter hans til Tenestgjente. Ho Maren gjekk berre i
Vegen heime, sagde han. Daa forstod Enok Guds Vilje;
og han tok imot Gjenta med Takk. So varmt priste han
Gud for denne Styringi hans, denne forunderleg tydelege
Styringi, — at ho Anna snudde seg burt; ho kjende at
ho raudna.

Dette Aare bad han um «godt og tjenligt Veir». Som
Presten sagde: Gud vilde me skulde koma til honom
med alle Sutine vaare. Liksom gode Born: dei røder
med Far sin um alt, endaa um det minste og styvnaste.
Daa det leid yvi Jonsok fekk dei litegrand Regn, so vidt
Engi retta seg nokorlunde; so fekk me elles trøyste oss
med, at Gud kunde faa lite til aa rekkje likso langt
som mykje. —

— Dei stod i Aarvollbakken og gnog og slo millom
Bærtuvur og mosegrodde Steinar.

Det var ein straalande fin, frisk Morgon; Klokka kunde
vera som fem. Og Ljæane beit godt i den tette Doggi.

Men der var lite aa slaa. Dei kunde so vidt skilja

144

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free