Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
millom det som slegi var og det som ikkje var slegi.
«Det betalar kje Kvassteinen!» skvatra Torkjell
Tua-land, Slaattaren; han stod og brynte Ljaaen sin. «Berre
Jonsokblom og Smaastein; skulde aldri ha sett slikt.
Heh!»
Enok stod og skar ifraa ei Steinrøys; so var det aa
kvetja for honom med. Klingande friskt song Bryningi
ut i Morgonlufti med sin glade Laatt. Og Fuglane song
med. Lerka tirla av sprengfullt Bryst; og det anga
sterkt og søtt av nyslegi Vollhøy.
«Me skal kje finna aat Vaarherre, Torkjell; det er
han som sender baade Sol og Regn.»
«Ja men Hævd maa me skaffa sjølve,» meinte
Tua-land’en. «Hadde du dyrka upp dette Brote som du hev
gjort med det andre, so hadde du fengi Høy her au.»
Ljaaen tok til aa suse i Bakken med stutte, snare
Hogg; «me skulde brüka Stutt-Orv paa slik
Skarve-Eng,» knurra Torkjell.
Enok høyrde kje større paa han. Han stod og heldt
Auga med Gunnar og Carolus, som skulde fylgjast med
dei vaksne i Aar; det gjekk bedst med han Gunnar,
totte Enok.
Carolus tok det so makelegt at det var leidt aa sjaa.
Han stod og brynte i Einingi; so fann han paa Ærend
hit eller dit, so han kunde faa kvile; og um han létst
arbeide au, so vart det inginting av; han stod berre og
dabba paa same Flekken.
Øve seg i Tolmod, øve seg i Tolmod...
Gunnar kom til Far sin, skulde kvetja; han hadde
fengi slikt eit stygt Steinhogg i Ljaaen sin.
«Naa?» spurde Enok, «gjeng det kje godt? — Eg
tykkjer du er glupare du enn ... den som større skulde
vera.» Gunnar vart raud. «Ja der kann du sjaa,» sagde
Enok. «Du totte nok det var stridt aa staa upp; men
10 — Garborg IV.
145
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>