Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
du ser Han hjelper deg.» Guten vreid seg fraa Far sin
med ei arg Geiping.
— «Ja ikkje skulde det vera eg som jaga Ungen upp
Klokka tri um Morgonen,» sagde Torkjell; «slike Karar
treng Svevn, skal det verta noko av dei.»
«Daa Jesus var tolv Aar gamall, sat han millom dei
skriftkloke i Temple,» svara Enok stutt. «Berre hald
deg til Gud du, so vert du nok sterk; Morgonstund hev
Gull i Munn, veit du.»
Det vart arbeidt i eit Par Timar utan eit Ord. So
kom ho Maren, Gjenta, ruslande med Riva og Spøte og
skulde breide.
«Godmör’n sa Bruri um Kvelden!» skjemta Torkjell.
«Aa ja,» svara Maren, «eg er noko sein i Dag, men
ikkje for di eg hev havt nokor Brurenott ikkje!» Ho
var eit lite rundt Jaaleting paa nokre og tjuge Aar.
«Ja Pigerne skal me kje tru!» — Torkjell skjekkte
paa Hovude og smaablinksa.
«Aa du skulde skjemmast, Torkjell!» skjemde Maren;
ein saag ho var gjøld. «Du maa kje tru, eg gjeng i
Sengi med nokon fyrr eg hev vori hjaa Presten!»
«Heh! — He-heh! — Ja no maa du driva paa som
du var paa eit Dansegolv, Maren; for no hev me stadi
her fire Karar i fire Timar, og eg tenkjer det vert so
mykje at du fær vel full Stakkebreiddi di. Sjaa deg
fyri, so du ikkje breider andre Stadir enn der me hev
slegi!»
— Soli vart heit og Doggi gjekk av; det vart hardt
og seigt aa slaa i den turre Vollbakken. Dei var burte
og bytte Ljæar.
— «Ja det er mange som fær svelta til Vinteren i
Aar, san!»
«Um so er... so hev me visst fortent det.» Enok
var myrk.
146
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>