Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Ja naar det raama dei som hadde fortent det! Heh;
hjaa Lensmann Aase stend Aakeren so ven at det er ei
Syn!»
Enok tagde. Um det likevel kunde vera dei nye
Arbeidsgreidune; og Beinmjøle . . . Vik bak meg,
Sattan! —
— Rundt um paa Slaattune sanka Folk seg no um
Matspandi sine og heldt Fyridugurd; Gunnar grét mest,
daa han saag det; han var so svoltin han kunde gange
tvert av. Men Guds Vilje var at me skulde eta fire
Gongir um Dagen, meinte Enok; og daa maatte me kje
skjote inn noko Millommaal etter vaar eigin Lyst; —
— dei laut i Arbeid att utan Fyridugurd. Gud vilde
nok ikkje lata oss hava vondt av at me drygde, til hans
Tid kom. Men Carolus hadde stoli med seg ei halv Kake
heimanfraa; den lurde han seg no burtum eit Gjerde og
aat upp; kom so att knappande paa Broki si, som han
skulde ha vori av i eit anna Ærend.
Torkjell slepte seg laus med Drøs; det vart lang Ykt;
ein fekk drive Tidi. Fantestykki hans Lensmann Aase
vart fortalde; so tok Torkjell aat med Embættsmennane,
dette Storherke, som livde av Stræve vaart og brüka
Magti si til aa snyte seg rike, og det so grovt mang ein
Gong, at me andre vilde koma paa Tukthuse um me
vaaga slike Varp. Og so gjekk Prestane, som ikkje var
likare sjølve, og tøvde um, at desse Kjeltringane var
innsette av Gud; neimen um dei det var; heh! — Etter
1814, daa Storkarane gjorde Uppreist og reiv seg lause
fraa den rette Kongen vaar i Kaupenhamn, av di han
var etter dei stundom og tukta deim, — etter den Tidi
hadde me kje havt lovleg Regjering i Lande. For at me
skulde vera under Sverig hadde aldri vori Guds Meining;
men av Svenskekongen fekk Storkarane Brev paa at dei
skulde faa raade seg sjølve; og so selde dei Lande til
147
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>