- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
148

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sverige for dette; so at no var det Svensken som innsette
Raadsmagti vaar. Og me Smaafolk hadde ingin lenger
til aa forsvara oss; for Svenskekongen fekk 100 000
Dalar um Aare for aa halde Kjeft; og Storthinge fekk
likso mykje for aa halde Kjeft; den som gjekk til
Storthinge og klaga si Naud, han fekk ein Lort med eit langt
Band i. Og vilde me reise oss og krevja Retten vaar, som
dei hadde gjort under Thrane, so var Storthinge det
fyrste til aa sende Syldatrar imot oss og setja oss paa

Tukthuse. Heh! Nei; sidan me kom under Sverig–

Enok stod og saag seg leid paa Carolus, som no laag
i Bærtuva og aat Skinntrytekart. Skulde Gud vilja lata
han staa til Narr denne Gongen au; skulde det kje bli
Folk av denne Fanten heller. Tøygt seg hadde han i det
lengste; vori so rimeleg mot Carolus som det berre var
Raad; tenkt at han skulde faa Magt yvi han med det
gode. Men Takken han fekk var den, at Fanten vart
latare og latare, og gjorde meir og meir som han vilde.
Og endaa tok Far hans no til aa tala um Løn aat han.
So at um Enok vilde segja noko til han, so kunde han
faa det Svare, at kva vilde han krevja, naar han ikkje
gav Løn...

«No maa du kje la Solreven ta deg, Gunnar!» ropa
Enok; han saag paa Carolus, daa han sagde det. Carolus
forstod Meiningi.

«De maa orsaka meg,» sagde han; «men eg er kje so
svært helsesterk; og naar eg ikkje fær Mat, so vert eg
so arm og klein, at eg kann lite røra meg.»

«Kjenn!» skvatra Torkjell; «det var nok ikkje i fyrre
Vika at han Carolus kom til!»

«Naar han Gunnar held ut —,» byrja Enok; men han
tagna att. Denne Fanten hadde ein Maate aa svara
paa —. Noko etter heldt han fram:

«Er det so at du vil ha Løn, Carolus, so fær du nok

148

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free