Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ta likare i. — Stor og lang som du no vert, so ventar
vel... Far din au, at der skulde vera ... Æra i deg!»
«Det var godt at De nemnde han Far. Han ventar
visst minst av alt, at eg skulde svelta paa Hove!» —
Carolus var raud; det blinka heller kvasst i Augo hans.
Enok tagna; han var graa i Andlite.
Gud var imot han her au. Carolus var Fant som han
hadde vori.
XX.
Sundag.
Dei ligg noko lenger enn vanleg; Klokka umlag seks
ris dei upp.
Enok kann kje lata vera aa sjaa burtetter Himilen;
han bad so vent um Regn igaarkveld. Det er klaart og
fint all Stad.
Heile den vide Himilen er berre Sol og mjuk og rein
Blaaning fraa Fjellgarden til Havs. I Sudvest eit Par
kvite lette Strimur som Fjør uppetter Kvelven. Den
vesle Tetten uti Have er inginting; berre Taake.
Den siste lette Skoddestrima stig fraa Séve i
Heia-landsvatne og blaanar burt i Luft. Det er morgonfriskt
og svalt; men Soli tek til aa verme. Yvi Myrane tumlar
Vibeflokkar seg kvitglimande i Soli med sine eldfulle
Kvinneskrik. Lerka stig og stig til ho kjem mest burt;
so heng ho der uppe og syng og svingar.
Buje vert utsleppt. Like eins Smalen, som Enok ikkje
hev sendt aat Heii i Aar, av di dei tvo minste
Gjent-ungane er so store no, at dei kann gjæte. Hoppande,
bæktande, rautande dansar Fenaden i Veg ut
Aarvoll-vegen aat Marki. Kyr, Kalvar, Sauir og Lomb um
kvarandre leikar og smaastangast, bykser og spring; Kalvane
Büj: Buskap. — Smale (Kollektiv): Saueflokk.
149
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>