- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
150

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er etter Sauine og skræmer deim; unge Kvigur leikar
Elskhug; Bjøllur singlar og syng; alt er Sumar og Giede.

Carolus er Gjætar um Sundagen; han fylgjer Fenaden
slengjeleg og lang. Han hev ein Randiestav i Handi og
hoppar og tverkastar seg liksom Kalvane. So freistar
han aa syngje:

«Aa kjære mina Kjavoar,
aa kjærar inte saa —!»

men det brest for han; han er kje ferdug med
Maal-skifte.

Langt ute i Vest skin det bleike Have. Brune og
kvite Segl lyser der ute i Morgonbrisen; ytst i Synsrandi
ligg den svarte Røykstrima etter eit Eimskip. Carolus
hoppar høgt. Kven veit; Sundag komande kann eg vera
der ute!

Han hev kje anna paa seg enn ei Brok, ei blaastriput
Bomullsskjorte og ei lita flat Luve. Men han kunde ha
Hug til aa kaste alt og hoppe nakin um millom Kalvar
og Lomb liksom Adam i Paradis.

Han driv Smalen nordum Kvernhuse og ned-aat Myri.
Der er Mat; og litegrand Svaling au, som kann halde
Kleggen burte. Smalen held seg i Lyngbakken upp ikring
Kvernhuse; han likar kje Myrgras, han. Det kann vel
hende at han tenkjer paa Aarvoll-Hagen au. Men det
fær han no spyrja meg um, tenkjer Carolus.

For det fyrste er her Ro. Og Carolus legg paa Myri
og ser etter Vibereir. I—reh! i—reh! I—ærih! Vibur
i Mengd flaksar og skrik. Lufti er full av Angar; frisk,
skarp Daam av ungt Lyng, Markblom, Bærlauv,
Bukkeblad og Pors blandar seg med tung søt Eim av rotnande
Myr; den varme Lufti vert som so svevnsæl. Roleg driv

K j a v o (Fantemaal): Barn. — Kjæra: trættast; slaast.

150

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free