- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han fraa Tuve til Tuve; andar i djupe, lange Drag; aah,
so godt; aah, so godt...

Vibeskrik fra Myri og Helunpip fraa Lyngbakken
blandar seg med kvarandre som Fløytelaat og Felespel.
Ein stor myrk Hegre flyg baskande upp og set Stemne
mot Heialandsvatne.

Rivande sinna, galnare og galnare flaksar Vibune um
Hovude hans Carolus i Krok og i Ring, skrik og skrik
og rundkastar seg i Lufti. Stundom hev han deim like
innum Øyro paa seg; det læt i Vengine med sterke
Rikte-Ljod, og han kjenner som Veift og Pust i Nakken.
Hæ-hæ. Stundom slær dei ned frammanfor han,
tver-kastar seg, teg Sigte paa Augo hans og kjem farande
beint imot han, men svingar av att, naar dei er so nære
at han ser Blinken i Augo deira. Hæ-hæ; det er løgje.
So ertar han deim. Kastar etter deim med Torv og
Kulort og kva han finn; dess galnare vert dei.

Det vermest i Lufti, og Mye stikk; Carolus vert leid
og vil slutte. Her finst ikkje Egg; Ungane er vel alt
utkropne. — Jau pigejor; der var eit Reir. Fire store
Egg. Aa, so vene som dei er med alle dei svarte
Smaa-prikkane paa den linne grøngraabrune Botnen. Men dei
er vel legne. Han legg seg ned og tek deim i Luva si;
Vibune skrik som dei var fraa seg. Burtaat ei Grov
gjeng han; der er eit Grand Vatn, so vidt han kann
symja eit Vibegg. Tenk-kje. Dei er so legne, at dei
stend paa Smalenden. Ei Vibe er etter han og vil mest
hakke ut Augo paa ’n; stundom stig ho ned paa Marki
og kjem springande imot han med flaksande breide
Vengir som ho vilde jaga han. Det er vel ho som eig
Eggi. Og jagu skal ho faa deim! Han slengjer deim
etter henne, halvt i Sinne; Egg etter Egg; dei susar
burtetter Tuvom og slær seg i Knas, so det skvett baade
raudt og gult utyvi Marki. So sting han Hendane i

151

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free