- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
152

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Broki og ruslar, plistrande og fornøgd. Viba er etter
han endaa ei Stund; flyg tilslut fraa han med stutte,
smaae Skrik og vert burte.

Skarve Smalen; der rekkjer han alt, — søretter aat
Aarvollen. Carolus avstad, langbeint og lett; «hæs!
hæs!» møter Smalen og driv han att-ende med Skrik og
Steinkast. Nordani Aasen, ved Kvernhuse, er svalast;
der kastar han seg i Bakken og kviler seg. Ligg og
høyrer paa Bekkjesusen. Soli steikjer meir og meir.
Ein litin linn Vestanvind stryk lett gjenom Lynge. So
legg Smalen seg au, kaasande og jortande.

Kyrne dreg seg nedyvi aat Aai. Der gjeng dei uti og
stend og svingar med Rovune mot Flugo. Der er kje
stort Vatn; men det stend vel endaa som ei Svaling
etter Aafare.

Han legg Armane under Hovude; ligg og stirer mot
Synsrandi i Sudvest med dei fine mjuke Bakkedragi og
Have lengst ute. Her og der teiknar det seg ein Stein
mot Himilen, eller ein Haug, fin og klaar og kilerund;
der er Skattar nedgravne. Kannhende heile Kistur med
Sølvpengar; men der inne sit ei Kjempe og vaktar for
Skatten med sitt skarpe Sverd. Vil ein inn der, fær ein
nok agte seg.

Lufti er so skir at ein kann skilja kvar Stein og Tuve
so langt ein øygner. Her og der ei siglande lett kvit
Sümarsky. Langt nede under Bakkane skin Myrekyrkja
kvit yvi Viddom i Solglimen.

For ei Gidring i Lufti. Havkanten der ute og alle dei
klaare Bakkelinune mot Himilen gidrar og didrar som
ei fin, skjelvande Bylgjing.

Aah! so godt og varmt. Soli bakar hans unge Kropp,
og ljuve Luftdrag lumrar um Øyro hans. Alt er stilt.
Fuglane hev søkt Reire. Det blømande Lynge angar.
Carolus sig av i Draum.

152

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free