- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
153

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

–Paa slike Dagar er Fantelive søtt, naar dei ligg

burtetter Heiane og létar seg i Soli. Eit Grand paa
Flaska og ein Kortstokk. Tjeia ligg i Solbakken spak
og lat.–Ja Buro vil eg kje vera lenger!

— Aa du Mor, du Mor, som tenkte at Buro-Tjeia
kunde vera noko for Fanteguten! — Ho er rædd meg,
ho Serina, etter den Dagen i Løo, daa eg vilde taka
henne um Halsen. Ei ven Gjente vert det; mjaa og
mjuk; blaae Augo; og so dei linne, fine Kinnane med
sine søte Smilehol. Men henne kann eg kje vente paa.

–Kanskje naar eg kom att og var Kaftein? og

ho var fri daa? — Kven veit? Kaftein Thomassen, med
h; Kaftein C. M. Thomassen ...

Det vert leidt for han Gunnar. Men eg held kje ut
lenger. Han vert verre og verre, denne Heilag-Enok;
hæ-hæ. Og no, daa han Far ikkje er lenger burte ...
Der ned fyrst. Og so til Byn. Og hyre meg. Og gjeng
det kje med ein Gong, so hev eg Heimen aa ty meg
til no. Til Byn i Morgo tidleg, fyrr Heilag-Enok kann
finne meg...

Carolus vert syvjin; ligg ei Stund og halvdormar;
høyrer Verdi kringum seg som ein lett, svevnug Sus.
Svimrande Ljos burtetter Bakkane. Kvit Solrøyk.
Blaa-f jelli som Eventyr langt, langt bak. Sus, Sus ...
Bekkje-song og Sus. Bjølleklang ...

Høgt uppi Aasen stend det ein Mann. Han svingar og
svingar med lange Armar. Det er den rasande Roland.
Nei; det er han Far. Han stend og veiftar og ropar.
«Carolus!» Carolus ris av Svevnørska og vil upp til
Far sin; tykkjest enno sjaa han ’med Steinen der uppe,
og høyrer enno som ein Om etter Rope hans: «Carolus!»
«Ja!» ■— han hastar av Stad. Med ein Gong er Far hans
burte. Inginting aa sjaa. Kvorvin som ei Syn i den

Tjeia (Fantemaal): Gjente.

153

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free