- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
154

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gidrande Solflaumen. Carolus held Handi yvi Augo og
stirer; kann enno ikkje skyna at han berre hev drøymt.

— «Ja-ja Far; eg skal koma i Nott. Tarv kje ræddast
naar det bankar paa Vindaugo; d’er kje Moskroen,
hæ-hæ ... Sattans Smalen! Hæs! Hæs!! — Men Skit.
Det er siste Dagen. Lat han ganga aat Engi so mykje
han vil. I Morgo Kveld er eg i Byn; og so ut yvi Have
det blaae. Hurra boy san!»

XXI.

Daa dei skulde paa Slaatten Morgonen etter, var
Carolus ingin Stad 33. SJ3.3,. Enok letst ikkje bry seg.
«Han kjem nok att.» Men daa dei var heime til Dugurds
og sat og slipte Ljæane, kom Kornelius hans Helge, som
just den Natti var attkomin fraa Eksisen i
Kristians-sand; og han fortalde, at Klokka halvtolv i Natt hadde
han set Fanten med ein Tull i kvar Hand setja søryvi
aat Ramstadheii.

Endaa vilde kje Enok tru det. Det var kje Raad.
Carolus kunde kje vera rømd. Han kom att. I Kveld
hadde me han. Med Munnen full av Orsakingar og Bønir.

Han kunde kje vilja takke paa den Maaten for vel
gjort. So lengi som Enok no hadde arbeidt med han, og
det med slikt Tolmod, so ettergjevande og vislegt...
Og so godt som Carolus hadde havt det her; alltid sitt
visse Bord aa gaa til; og aldri eit vondt Ord; og
Rett-leiding og godt Stell i alt; heil tupp som Barn i Huse...
Um han aldri so mykje var Fant kunde han daa kje vilja
takke paa den Maaten.

Men um Kvelden kom Fante-Tomas. Han song upp
med ein Guds Jammer um «det syrgjefulle som hadde
hendt», og gjorde Avbøn for Carolus med alle dei vrid-

Moskro: Lensmann.

154

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free