- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
155

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

naste Ordi han kunde finne. Den lede Luksifer var farin
i Guten, um han maatte brüka so stygt eit Ord. «Eg og
Mor hans gjorde alt som stod i vaar Formuels til aa
minna han um hans Uppgave og Skyldigheit; ja eg for
mi Ringheit bruka endaa Gud forlate meg Magt mot mit
eige Kjøt og Blod; men han var so forherda og obstenasi
at han berre vilde til Sjøs. I Dag er han rømd til Byn
og vil hyra seg; og det vil eg beda Dykk um, Enok, i
vaar store Sorrig og Benauels, at De ikkje maa bli
forarga paa oss au for dette.»

Her var kje Tvil lenger. Enok tagna og vart kald.

Det skulde vera Takken. Og um Guten tok paa
Fante-stig eller til Sjøs kunde vera sliks Slag. Fortapt var han
i baae Tilfelle.

Kor dei vilde læ aat han Enok Hove no, alle
Verds-borni. «Det fekk han for Fantevase sitt!» Alle
Motstandarane han hadde havt, baade i og utanfor
Fatig-kommissjonen, daa han stræva med aa hjelpe
Fante-Tomas til Hus, — aa kor feilt dei vilde tykkje dette var
aat han. «No kann han hava det so godt. Kvi skulde
han dra innpaa oss alt dette Herke?» Og Presten vilde
sjaa paa han: «du har vel ikke behandlet ham ret, min
kjære Enok.» Men Lars Nordbraut og hans Vénir vilde
sitja i sine Møte og sukke og segja, at han Enok Hove
hadde nok ikkje havt den rette Visdomen her.

Han vart tekin av ei kald, hard Kjensle, som han
kalla «Nidkjærheit». Denne Kjensla vende seg serleg
mot Presten, som hadde narra han innpaa dette med han
Tomas. Hadde kje Tomas havt Hus no, so hadde kje
Carolus rømt. Presten var Skuld i heile Ugreida. Han
høyrde Verdi til; ikkje av Kjærleik til Gud hadde han
gjort dette, men av Lyst til verdsleg Ros; han vilde hava
Lov av dei styrande, av dei megtige paa Jordi. Med

fellt: «tilpas».

155

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free