Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
forklædd som ein Ljosengel, so Enok ikkje skulde merke
hans Svik fyrr det var for seint. No hadde han merka
det; og no var det for seint. Domen hans stod skrivin
i Hebræarbreve 6: «Thi det er umuligt, at de, som en
Gang ere blevne oplyste og have smagt den himmelske
Gave, og ere blevne delagtige i den Helligaand, — og
falde fra, — atter kunne fornyes til Omvendelse.» Det
er umuligt!
Og Djevelen sagde til han: «du kann likso godt hengje
deg upp, Enok; no kann du likso godt hengje deg upp.
Ha — ha! heng deg likso godt upp, Enok!» lo Djevelen.
Enok vart tekin av ei Villrædsle. Han kasta seg paa
Kne attfor Smiestéde og skreik: «Herre Gud! Hjelp!
Straf meg ikkje i din Vrede, tukt meg ikkje i din
Grumhed! Ver meg naadig; thi mine Ben er forfærdede!
Hjelp! vend deg, Gud, og redd min Sjæl; for dine Pile
sidde i meg, og din Haand er svar over meg; der er
intet sundt paa mit Legem; der er ingen Fred i mine
Ben for mine Synder; mine Synder gaa over mit Hoved;
de er blevne mig svare som en svar Byrde! Sattan er
etter meg som ei brølende Løve og vil opsluge meg.
Hjelp! hjelp! skunda deg og redd mi Sjæl! at eg ikkje
skal vera som dei der fer ned i Gravi» ...
Døri gjekk upp; ho Serina stakk Hovude inn: «han
Lars Nordbraut er komin —.» Døri small att, og Serina
til Sprangs; ho hadde sét Far sin paa Kne attmed
Smiestéde, kvit og stygg, med Hendane upp-mot Take...
Men Enok reiste seg og saag mot Himilen, og han
fekk Graat i Augo.
Bøni var høyrd. Gud vilde hjelpe. Ein røynd, trufast
Broder i Kristo hadde han sendt; den rette Mann i den
rette Stund ... «Aa Gud og Fader,» sagde han med
bivrande Munn, «enno hev du daa kje reint forkasta meg!»
11 — Garborg IV.
161
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>