Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XXII.
Vaaren var komin; Nordvesten tok si tyngjande Hand
burt ifraa Lande, og alt livna upp.
Lynge friska paa seg og Myrane grønka.
Heste-blomane glødde i Bakkane som brennande Ljos.
Styk-morblomen slo upp sine blaae Augo, bljuge, bedande
Barneaugo. Knoppar svall og sprang; Fuglar lokka og
leika. Borni kom heim fraa Mark og Myr so glade at
dei lo: «Vibo er komo! Mor, Vibo er kömo!»
I Staden for Nordvesten med sitt tunge Aalvor og sin
seige Stødleik kom den linne, lettlynde Vaarvinden, som
blistra og blakra fraa alle Kantar og spela seg med
alt, med Bylgje og Blom, med Lauv og Lyng, med
Presteskjegg og med Gjentelokk, med Gravkransar og
med Brurstas. I denne fjasande Vaarhæsen turka dei
vaataste Fæn. Og alt som kunde gro grodde og alt som
kunde æse æste; men det som var sjukt blautna og svall
og avla i seg sjølv Spirur og Kimar i Mylr og Mengd
til sin eigin Undergang.
— Enok stridde den gode Strid. Berre han fekk tru
at Gud ikkje reint hadde stengt si Naadedør, var han
so glad som han kunde vera.
Lars Nordbraut og Legde-Guri fortalde ’n, at no fyrst
hadde han vorti ein rett Kristin; for no hadde han fengi
Mjuklynde. Og dei totte han skulde vera fegin, ja byrg
for, at Gud hadde funni han verdig til aa verte røynd
i dei store Eldane.
Det var Enok au. Berre han kunde vera trygg. Men
han visste sjølv best, koss det stod til i Hjarta hans; og
han gjekk i ein Otte som talma han jamt, at han ikkje
skulde faa Naade til aa stride den gode Striden til Endes.
Denne Otten kalla Lars «den aandelege
Aarvaagen-hed»; Gud gjeve det var so. Ja det var vel so. Men
162
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>