- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
163

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Freden? Det var det som var so vondt, at han aldri
meir fekk kjenne Freden.

Ei underleg Uro var komi yvi ’n; han for fraa det
eine til det andre; søkte nytt og nytt ustanseleg, liksom
rømande for Tankane sine. Det klaare Vitnemaale i seg
sjølv um Guds Vilje og Guds meining hadde han kje
lenger; berre Orde maatte han halde seg til. Men Orde
var rikt, og hans aandelege Syn dimt; gjorde han det
eine, so var der eit Spraak for det, og gjorde han det
andre, so syntest der vera eit Spraak for det med; det
var ofte so han tottest gange reint i Blindo.

Han freista med den evangeliske Fridomen, som han
Lars tala um; lagde kje noko Lag lenger paa dei ytre
Smaating. Anna fekk stelle som ho vilde; dei skikka
seg likt med Verdi baade i eitt og anna. Men han totte
han hadde kjent seg tryggare fyrr, daa han berre beint
fram fylgde Andens Vitnemaal i Hjarta sitt.

Hans gamle faste Borg mot Djevelens Lokkingar, Orde
um aa ikkje syrgje, hadde dei og teki fraa han. «Sørger
ikke for i Morgen» var kje det same som «tenkje kje paa
i Morgo»; me skulde nok tenkje fram, meinte Lars; me
skulde berre ikkje tenkje med «Sorg». Dette var visst
rett. Og det var ei Letting for Sam vite au; Enok hadde
sjølv sét, at det ikkje var Raad aa liva utan Umtanke.
Men utryggare hadde han vorti likevel, og veikare; aa
skilja millom Umtanke og «Sorg» var kje alltid so greidt;
han fann seg nedtyngd av jordiske Sutir ofte. Og tenk
daa um Brudgomen kom og fann han sovande–-

Utrygg, utrygg var det han var; utrygg og liksom so
aaleine. Kor skulde det gange, um Djevelen sette inn
paa han no; han hadde liksom ingin Rygg. Ei Trøyst
var det at Lars vanka her; og Enok negta han kje
lenger Hus til Uppbyggelsar. Men endaa den beste
Menneskehjelp, kva var den tess, naar det galdt?

163

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free