- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
164

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men det var so me skulde hava det. Han kunde kje
vente aa faa det annarleis enn andre Guds Born. Ja det
var faarlegt, sagde Presten, aa vilja gange i denne søte
Kjensla av Fred jamt, og i Andens Forvisning. Sjaa no
denne Søren Soma, som fekk slikt Tilheng burtpaa Aase
i seinare Tid, og uppi Fjellbygdine; tala kje han og um
Aandens Forvisning. Og endaa var det ein Djevelens
Profet av verste Slag. Forkasta Barnedaapen, fornegta
dei kristelege gode Gjerningar, spaadde Domedag til den
og den visse Tid beint imot Guds Ord; for endaatil med
dette aandelege Ægteskape, som nok var lite aandelegt
mang ein Gong. Men «Freden» hadde han; og
«Aandens Vidnesbyrd»! Nei; me fekk nok halde oss til Orde,
og til Andens Vitnemaal i Kyrkja.

Og so fekk me setja vaar Lit til Gud. Halde oss fast
i Frelsarhandi, um det vart aldri so myrkt baade i oss
og ikring oss. Det var vel det, Gud hadde vilja vise
han hin fyrste Kvelden og, med det forunderleg store
Naadeteikne sitt. Lite paa Gud og ikkje gruvle. Halde seg
i Einfald og Tru til Barnelærdomen og Naaderaadine,
og ikkje so mykje som høyre paa Djevelen. Berre læ aat
Djevelen; berre vise han paa Dør. «Sætter Satan an
paa mig, som mit Skjold jeg viser dig, dine Saar og
Blodestrømme; strax maa han tilbage rømme» ...

Ein annan vigtig Ting var det aa arbeide. Ikkje
Gruvlarar og Sjukingar vilde Gud hava, men friske, glade
Arbeidsmennar. Gagns Verk kravde han av Borni sine;
Trui maatte vise seg i Gjerningar. I yrkjande Kjærleike
hadde Trui sitt Liv; me skulde vera gode Kyrkjemennar,
gode Borgarar og gode Kallsarbeidarar. Med friskt
Arbeid fordreiv ein Djevelen betre enn med Bøn, som
Luther sagde; Lediggonge var i alle Meiningar Sattans
Hovudgjerd.

— Enok arbeidde.

164

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free