Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Presten, som med sann Kristinkjærleik var like blid,
endaa Enok stod imot han i Leseboksaki, fekk honom
til aa halde Missjonssamlingar rundt um paa Gardane;
der sat han kvar Sundag Ettermiddag og las
«Missions-tidende» og samla Skillingar til det heilage Verk. I det
borgarlege fekk han og Arbeid nok; han kom inn i
Heradsstyre og i alle Slag Kommissjonar.
Ikkje mindre arbeidde han i sitt jordiske Kall. Han
tok til att med Nybrotsarbeide paa Aarvollen; hadde
mistydt Guds Vilje, daa han slutta med det au. Saman
med Presten og Lensmann Aase tok han til aa halde eit
Jordbruksblad; og her fekk han sjaa, at han i mange
Maatar hadde drivi Jordi si soleis, at Gud ikkje kunde
faa signe Arbeide hans, um han vilde. Og Enok kaupte
nymotens Plogar og Horvir og tok til med Beinmjøl og
mangt slikt som han fyrr hadde fordømt; for me skulde
brüka dei Raadine som Gud gav oss.
— Det vart ein god Sümar med høvelegt Regn og
varm Sol.
Kannhende Gud vilde trøyste han etter den strenge
Tukti i desse siste tvo Aari. «No, daa du trur paa meg
um du ikkje ser meg, no vil eg nettupp vise deg at eg
er deg nære» ...
Godvére heldt seg. Det var reint ein Hugnad aa gange
ute og sjaa paa Aaker og Eng.
Fløyelsbrun og blank bylgja den unge Rugaakeren i
Sumarvinden. Havren, som ikkje hadde ekst seg enno,
stod tung i Straae so han lagde seg mest, saftig og
djup-grøn so han mest blaana. Men Tjukk-Engi breidde seg
med Punt og Syre og Bivregras som ein fin,
raud-skjengjut Silkeduk, her og der med Flekkir av svingande
Blaaklokkur eller Karve og smellande snøkvit Baliblom.
Fin og mjuk som Bomull kvitna Myrfivelen utyvi alt
Vaatlende, blanda med skirt, florlett kvitt og raud-
165
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>