- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
166

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

spettut blaatt fraa Blomane av tusund Millionar
Bukkeblad; ja sjølve Aai grønka med sitt lange Leagras og
Sév; paa Hyl jane saam gul og kvit Nykkjablom millom
breide Blad; og det grodde og blømde alt; Jordi var som
eit Moderfang fræva og fyllt av den skapande Allmagt.

I denne Tidi var det godt aa røme den kvæve Stogo
med all Flugesurren og faa koma ut; endaa um
Sundagen hende det, at Enok lagde Tekstboki ihop og gjekk
ut til aa «dyrka Gud i Naturen». Og Aakerhøna skrata
i alle Engir, og Steindilpa smatta og Erla skvatt; alt
Slag Fugl peip og lét; Heimen var som ei Kyrkje full
av Song; alt kvitra og kvad til Guds Ære. Og han
freista aa sjaa Gud i alt. «Forunderlege er dine
Gjerningar, Herre, og du gjorde dem alle viseleg.»

Denne Jordflekken elska han, av di han hadde fengi ’n
av Gud. «Det er kje min, det er kje min,» mulla han
for seg sjølv; «d’er han Far sin.» Um Gud kravde at
han skulde selja alt og — —. Stilt og snøgt skunda
han seg framum den Tanken.

So kom Kvelden sigande med mjuke Litir yvi Bakkar
og Brot. Fraa Havryggen glima Soli inn yvi Lande og
spegla seg i alle Glas; det lyste uppetter Heiane som av
Demantar. Men Glansen slokna naar Soli gjekk. Og
Lande seig inn i ein Fred so djup som alt skulde vera
trollsvævt. Han høyrde alle Bekkir susa; han høyrde
sitt eigi Hjarta slaa. Kvite Eimar steig; breidde seg yvi
Myrane som Draumsjøar. Eit einslegt rolegt Vibeskrik
her og der. Eit Myrfuglpip langt burte. Lammebækting
fraa Vollane som ein søt, linn Graat. Langt gjenom
Lufti eit Par pilande Ændar.

Fred, Fred. Ein uendeleg Fred. Berre i Hjarta hans
Enok var der Uro.

Det kom yvi han stundom at han var so framand;
utstøytt og burtstøytt vandra han her; fredlaus paa fred-

166

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free