Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sæl Jord mest som Kain. Kvar han tenkte seg og kvar
han vilde gange, ingin aa kvile hjaa, ingin aa hyggje seg
til. Framand var han i sitt eigi Hus. Ingin fylgde han
naar han gjekk; ingin venta paa han naar han kom.
Dei drog seg burt naar han kom; det var som dei var
rædde. Ikkje av sine eigne Born dessmeir kunde han
faa eit venlegt Ord; nei ikkje um han vilde leggje seg
paa Kne for deim og beda um det. Um han tala blidt til
deim, ja tala med deim um verdslege Ting, um Tøv og
Tattl som han tenkte dei kunde like, — det same var
det. Det var som dei vart bljuge; dei skjemdest; kvart
stakkars Nei og Ja maatte han som hala fram; dei
forstod ikkje at han søkte deim og trong til deim. Og
han hadde daa berre livt etter Orde: «hvo som ikke
fornegter Fader og Moder og Hustru og Børn og tilmed
sit eige Liv» ...
Og ho Anna, stakkar. Han hadde nok ikkje fari rett
fram mot henne heller. Undrast paa um det kunde ha
vori betre, dersom han hadde vorti gift med henne som
han hadde til Avgud ei Tid? — Aa for noko Tøv. Aa
du mangfalduge Djevel. —
— Det var ein Sundag ut i Slaatten. Enok var komin
fraa Kyrkja og hadde Hug til aa sitja inne ei Stund og
kvile og drøse som i gamall Tid; men alle var kalde og
sturne. Borni saag rang-øygde paa han og undrast um
han ikkje snart vilde gange ut. Enok fekk slik ei vond
Kjensle; han var berre i Vegen. Han saag seg ikring
med Augo som bad; men alt var kaldt og stengt; ingin
hadde Bruk for han inne. Daa vart han so umbrigd i
Andlite sitt. Han reiste seg og tok Sydvesten og gjekk.
Knapt var han utanfor Døri, so tok Borni til aa læ
der inne.
Aah ja, ja.
Han gjekk ut. Og gjekk og gjekk. Att og fram;
167
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>