- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
168

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rundt og rundt. Saag inginting; alt vart so vondt og
tungt for han.

Idag hadde Gunnar endaa-til fengi vori heime fraa
Kyrkja. Men det var Takken. Det hjelpte kje kor snild
han vilde vera. Ikkje um han gjorde Gud sjølv imot for
deira Skuld. Dei hata han. Det var han sjølv, som var
i Vegen for deim.

Det var Skyflokar paa Himilen her og der, og Skuggar
av Skyir dreiv etter Heiane som flakkande, drivande
Øyar av Natt; som myrke, vonde Tankar. Timane gjekk;
Enok flakka i Markir og Myrar og gaadde det ikkje.
Tilslutt stod han ved Heialandsvatne. Han kvakk; kva
var det for ein vond Tanke som hadde dregi han her
ned? Hastande snudde han uppyvi att. Det tok til aa
kvelde. Men han hadde ingin Hug til aa gange heim.

Rundt i Heiane peip Heiloi med sin einslege Tone.
Ei Vibe vart uppskræmd her og der; flaug tagall ikring
med riktande Vengir; no og daa gjorde ho eit Braakast
ned-um Nakken hans, vilde skræme han burt. Det gav
ein hard, hastig Ljod, som det kunde vera Vengtak av
vonde Aandir.

I Nord, i Aust, allstad og inginstad, usynleg og
gaate-full, mekra Røssegauken sin hole, kalde Laatt. Ein
Draugelaatt, som døydde av inn-i Himilnatti. Fraa
Heialandsvatne ropa Lomen sitt varslande Rop. Og
framande Fuglar ein aldri fekk sjaa høyrdest med sine
høge, rædde Rop ut i Holmar og Heiar.

Var det dømde Aandir som maatte flakke so? — og
varsle um Daude og Dom med sine Draugerop i
svevn-tunge Nætar?

Men desse store svarte Fuglane som flaug so tungt og
tagde so sturt... det laut vera Sjælir som ikkje hadde
kunna riva seg lause fraa det jordiske.
Mammons-dyrkarar som no vart refste med dette tunge Kav, og

168

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free