Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
laut vasse um i Myr og Fæn og draga til Reirs Makk
og Mold og Lyng og Straa og alt det Skrap som til var,
liksom dei aldri hadde fengi nok av jordiske Ting her
i Live. Kannhende alle Fuglane var Aandir? Heluna,
som sat so aaleine og pipta paa Lyngtuva si... det
kunde vera ei Sjæl som hadde svarma paa Jordi i
Elskhugs Synd, og no laut svive her i Einsemd og
Fred-løyse for di ho hadde gjort eit Menneskje so reint til
sin Gud; men Vibune kunde vera Mødrar som hadde
elska Borni sine for mykje, og som no laut flakse um
til Domedag og skrike og graate for desse Eggi som
Smaagutane tok ifraa deim. — Tull. Det vart minst
fyri naar Helvite ikkje var heitare! Verre, verre fekk
dei nok svide, alle Jordtrælar av Avgudsdyrkarar...
Soli var nede. Ein lang Eldhale laag etter henne i
Nord. I Vest laag spreidde blaae Kveldskyir og kvilte,
faste og klaare som Øyar i det grønljose Himilhav.
Yvi Heiane i Sør steig ei lett, graa Tökehildring.
Daa kveiktest laagt i Sudaust eit einslegt raudt Ljos.
Det gløste fram gjenom Skysløre dauvt og stivt som eit
sjukt Auga.
Ei Blodstjerne! — Krig, Pest; ein uforvarande, hastig
og bratt Død... Gud vere oss naadig i Jesu Namn!
Enok skunda seg heim. Fredlaus, fredlaus ute som
inne...
XXIII.
Det var ein Dag utpaa Hausten; dei baka paa Hove.
Det dura gjenom Huse av rullande Kjevle yvi det breide
Baksteborde.
Enok stod i Kjellaren og knadde. So kom det Bod
fraa Uppstad, at ho Legde-Guri vilde tala med han.
Ho laag i Banen, vart det sagt, og livde kannhende ikkje
til Kvelden.
169
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>