Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gunnar laut aat Knadtrdge; Enok tok paa seg og
gjekk.
— Guri laag svært klen. Det aaleitte henne aa røde;
stundom var ho i Herota.
Enok satte seg ’med Omnkraabenken der ho laag og
tala Gudsord med henne; vart verande der heile
Nons-ykti. Folke paa Uppstad slagta den Dagen, so dei hadde
kje Stundir til aa vera inne.
Den gamle laage Stogo var myrk i slikt tungt Vér.
Ei Lukt var der so sur og vond, at der lite var inne
verande. I Veggjom taut Sunnanvinden med si linne
Jamring; rundt Huse høyrdest Staak av Kraake og
Skjor, som hadde samla seg til Slagte-Gjestebod fraa
alle Gardane.
— «Om jeg end vandrer gjenom Dødens Skygger, da
er du dog mit Hjertes Klippe og min Del evindeleg,»
trøysta Enok. «No maa du tenkja paa Stjerna i
Østerland ... at den kann faa leida deg dit der Baane er.»
«Aa ja,» sukka eit lite pipande, halvt kviskrande
Mæle.
–«Og so skal me beda, Guri.
’Naar Øinene briste, og Synet forgaar,
naar Øret ei længer at høre formaar,
naar Tungen ei kan tale mer,
og Hjertet af Angst forfærdet er;
’Naar mig forgaar al min Forstand,
og intet Menneske mig hjelpe kan, —
din Hjelp, o Herre Krist! mig send,
ståt mig bi i min sidste End’.»
— «Aa ja, ja.»
«–Ja er du kje glad, Guri... at du so snart kann
venta Brudgomen?»
Her o te: Ørske; Sanseløyse.
170
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>