Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«— — Mig længes ...» kviskra det, «at fara
her-fraa ... aah.»
«Ja tenk; um ei Ijiti Stund kanskje ... er du der uppe
og fær sjaa Gud som han er, Andlit til Andlit... og
Englenes Mangetusund, og Lammet paa Thronen... og
dei tolvtusind Beseglede ... Daa maa du beda for meg,
Guri.»
Ho svara ikkje; hadde lati att Augo og laag som ho
sov. Andedraatten rikla og rikta so saart gjenom den
gule, skinnmagre Halsen.
Det kvakk i han, daa ho ikkje svara; vilde ho kje
beda for han? Det kom for han eit tungt Ord av
Apostelen Johannes: «Der er en Synd til Døden; om
den siger jeg ikke, at I skal bede for den.» Saag ho at
det var den Syndi han hadde gjort?
«Kristian?» kviskra Guri og slo det eine Auga sitt
stivt upp. «Er det du, Kristian?» Ho vimra med
Hen-dane i Lufti.
Stakkar, ho rasa. Tenkte paa Son sin, han som vart
burte paa Fiskje her eit Aar. «Gud hjelpe henne, at ho
heller maa faa tenkja paa deg no!–
’Jesu, dine dybe Vunder
og din smertefulde Død
trøster mig i alle Stunder
udi Livs og Sjælens Nød’...»
Han las heile Salmen, halvt for henne og halvt for
seg sjølv; og han skalv i Mæle. Kannhende skulde ho
slokne no? — «Vær tro indtil Døden, saa vil jeg give
dig Livsens Krone ... Vær tro indtil Døden ... Vær tro
indtil Døden ...»
Um ei Stund vakna ho og bad um Vatn.
Det var kje Vatn inne; han sprang ut og fann ein
Kopp. So lyfte han henne i Sengi og lét henne drikke.
171
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>